Jesaja 65 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herren straffar og gjev nåde

1 Då skal Saron bli ein stad der småfe beiter

og Akor-dalen ein stad der storfe kviler,

for mitt folk som søkjer meg.

11 Men de som har forlate Herren

og gløymt mitt heilage fjell,

som dekkjer bord for Gad

og skjenkjer krydra vin for Meni,

12 Ordt 1,24; Jes 66,4; Jer 7,13; Sak 7,11 dykk gjev eg over til sverdet,

alle skal de bøya kne for å bli slakta.

For eg ropa, men de svara ikkje,

eg tala, men de høyrde ikkje.

De gjorde det som var vondt i mine auge,

og valde det eg ikkje ville.

13 Sal 22,27; 25,3; Matt 5,6; Luk 6,21; Joh 16,22 Difor seier Herren Gud:

Sjå, mine tenarar skal eta,

men de skal svelta.

Sjå, mine tenarar skal drikka,

men de skal tørsta.

Sjå, mine tenarar skal gleda seg,

men de skal skamma dykk.

14Sjå, mine tenarar skal jubla av hjartans lyst,

men de skal skrika av hjartesorg

og klaga av ei sundbroten ånd.

15 Sal 102,9; Jer 29,22 Det namnet de lèt etter dykk,

skal mine utvalde bruka som forbanning:

«Måtte Herren Gud la deg døy!»

Men tenarane sine skal han kalla

med eit anna namn.

16 Jer 4,2; 12,16 Den som velsignar seg i landet,

skal velsigna seg ved den trufaste Gud,

og den som sver i landet,

skal sverja ved den trufaste Gud.

For no er dei første trengslene gløymde,

ja, dei er løynde for auga mine.

Det nye Jerusalem

17 66,22; 2 Pet 3,13; Op 21,1.4 Sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord.

Ingen skal minnast dei første ting,

ingen skal tenkja på dei.

18 35,10 Gled og fryd dykk til evig tid

over det som eg skaper!

For sjå, eg skaper Jerusalem om til fryd

og folket der til glede.

19 Op 21,4 Eg vil fryda meg over Jerusalem

og gleda meg over mitt folk.

Aldri meir skal det høyrast

gråt eller klageskrik i byen.

20Der skal det ikkje lenger finnast spedborn

som berre blir nokre dagar gamle,

eller gamle som ikkje når sine dagars fulle mål.

Ung er den som døyr hundre år gammal,

den som ikkje blir hundre, må vera forbanna.

21 62,8; Am 9,14 Dei skal byggja hus og sjølve bu i dei,

planta vinmarker og sjølve eta frukta.

22 5 Mos 28,30; Hos 8,7 Dei skal ikkje byggja så andre får bu

og ikkje planta så andre får eta.

Så gamle som trea

skal folket mitt bli,

mine utvalde skal sjølv få slita ut

det dei har laga med eigne hender.

23 61,8f Dei skal ikkje streva til inga nytte

og ikkje føda til brå død.

For dei er ei ætt velsigna av Herren,

dei skal ha etterkomarar hos seg.

24 Sal 91,15; 145,18; Jes 30,19; 58,9; Matt 7,7 Før dei ropar, skal eg svara,

medan dei enno talar, vil eg høyra.

25 1 Mos 3,14; Jes 11,6ff; Hos 2,18 Ulven og lammet skal beita saman,

og løva skal eta halm som oksen,

men slangen skal ha støv til mat.

Det finst ikkje vondskap eller øydelegging

på heile mitt heilage fjell, seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help