Hosea 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Herren vil straffa Jakob

1 Efraim har omringa meg med løgn,

Israels hus med svik.

Men Juda held seg enno til Gud

og er trufast mot Den heilage.

2Efraim gjeter vind,

jagar heile dagen etter austavind.

Han hopar opp løgn og vald.

Dei gjer pakt med Assur

og sender olje til Egypt.

3 Herren fører sak med Juda,

han vil straffa Jakob for hans ferd,

gjengjelda det han har gjort.

4 Kanaan har falske vekter i handa,

han elskar å utnytta andre,

9og Efraim seier:

«Eg har då vorte rik

og har fått meg eigedom,

men i all rikdomen min

er eg ikkje funnen skuldig i noko som er synd.»

10 Men eg er Herren din Gud,

heilt frå Egypt.

Enno vil eg la deg bu i telt

som den gongen eg møtte deg.

11Eg vil tala til profetane.

Eg lét dei få syn i mengd,

og no vil eg tala i likningar gjennom dei.

12 Jakob rømde til Aram-landet,

Israel tente for å få seg ei kone,

for ei kone vakta han småfe.

14 Ved ein profet førte Herren

Israel opp frå Egypt,

og ved ein profet vakta han dei.

15 Jes 65,6f Efraim har vekt bitter harme.

Herren skal la hans blodskuld

koma over han sjølv

og gje han att for hans spott.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help