Markus 14 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesu liding og død(Kap. 14–15)Samansverjing mot Jesus(Matt 26,1–5; Luk 22,1–2)

1 No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel.

2«Det må ikkje gjerast under høgtida», sa dei, «for då kan det bli uro i folket.»

Jesus blir salva i Betania(Matt 26,6–13; Joh 12,1–8)

3 Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans.

4Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik sløsing med salve tena til?

5Salven kunne vore seld for meir enn tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige.» Og dei tala strengt til henne.

6Men Jesus sa: «Lat henne vera! Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

7Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,

14og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’

15Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»

16Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.

17Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.

18Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg.

21For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»

Nattverden(Matt 26,26–29; Luk 22,15–20)

22 Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange.

25Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»

Jesus seier at Peter kjem til å fornekta han(Matt 26,30–35; Luk 22,31–34)

26 Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

27

og sauene skal spreiast.

28 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»

31Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.

I Getsemane(Matt 26,36–46; Luk 22,39–46)

32 Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»

33«Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

37Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?

38Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

39Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.

40Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.

41Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.

42Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

Jesus blir teken til fange(Matt 26,47–56; Luk 22,47–53; Joh 18,2–11)

43I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.

44Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.»

45Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.

46Så la dei hand på han og tok han til fange.

47Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.

48Men Jesus sa til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.

49Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.

56Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje.

57Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa:

58Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?»

62Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene.»

63Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?

64Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. °Då gol hanen.

69Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.»

70Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.»

71Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»

7214,30Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Blog
About Us
Message
Site Map