2. Kongebok 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Elia varslar Ahasjas død

1 Ahasja fall ut gjennom gittervindauget i loftssalen sin i Samaria og vart hardt skadd. Då sende han bod av stad og sa: «Gå og spør Baal-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.»

3Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med sendeboda frå kongen i Samaria og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel sidan de går for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron?

48,10Difor seier Herren: Du kjem ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» Så gjekk Elia.

5Sendeboda vende då attende til kongen. «Kvifor kjem de alt att?» spurde han.

6Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå tilbake til kongen som sende dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel sidan du sender bod for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.»

7Kongen spurde dei: «Korleis var han, den mannen som kom imot dykk og snakka slik til dykk?»

8Sak 13,4; Matt 3,4Dei svara: «Det var ein hårete mann med eit skinnklede bunde om livet.» Då sa han: «Det var Elia frå Tisjbe!»

9No sende kongen ein femtimannsførar med mennene sine til Elia. Då han nådde toppen av berget der Elia sat, sa han til han: «Gudsmann, kongen seier: Kom ned!»

10Luk 9,54Elia svara: «Så sant eg er ein gudsmann: Eld skal fara ned frå himmelen og øyda deg og dine femti mann!» Då fór det eld ned frå himmelen og øydde både føraren og dei femti mennene hans.

11Så sende kongen ein annan femtimannsførar og mennene hans, og han sa til Elia: «Gudsmann, så seier kongen: Skund deg og kom ned!»

12Men Elia svara: «Er eg ein gudsmann, skal eld fara ned frå himmelen og øyda deg og dei femti mennene dine!» Og Guds eld fór ned frå himmelen og øydde han og mennene hans.

13Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Då denne tredje føraren var komen opp, fall han på kne framfor Elia og bad for seg: «Gudsmann», sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine!

14Eld fór ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må mitt liv vera dyrt i dine auge!»

15 Herrens engel sa til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Då stod han opp, følgde med føraren ned til kongen

16og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.»

173,1Og Ahasja døydde, slik som Herren hadde sagt gjennom Elia. Ahasja hadde ingen son, difor vart bror hans, Joram, konge etter han. Dette hende i andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda.

18Det som elles er å seia om Ahasja og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help