1Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga.
2Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot.
5Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.
6Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.
7I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset.
8Det greidde vi så vidt å segla rundt og kom til ein stad som dei kallar «Gode hamner», ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.
9 No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei
10Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei i bruk naudutstyret og surra skipet med tau. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebankane. Difor senka dei råa, og slik fór dei vidare.
18Men stormen rasa framleis, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen.
19Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord.
20På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uvêret heldt fram, var til slutt alt håp om berging ute.
21No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «Gode menn, de skulle ha høyrt på meg og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet.
22Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje eitt liv skal gå tapt, berre skipet.
23For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener,
24Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.
28Dei lodda og fann tjue famnar. Litt etter lodda dei att og fann femten famnar.
29Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma.
30Sjømennene freista å rømma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen.
31Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Blir ikkje desse mennene verande om bord, kan ikkje de bergast.»
32Då kappa soldatane taua som heldt skipsbåten, og lét han driva av.
33Medan dei venta på at det skulle gry av dag, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet.
34Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.»
35Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta.
36No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.
37Vi var i alt 276 menneske om bord.
38Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.
Skipet strandar39Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auge på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.
40Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samtidig løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot stranda med vinden.
41Dei dreiv inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg ned i sanden og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av brenningane.
42No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og rømma.
43Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti først og koma seg i land.
4427,22Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.