Lukas 11 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus lærer læresveinane å be(Matt 6,9–15; 7,7–11)

1Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, slik Johannes lærte sine læresveinar.»

2Han svara: «Når de bed, skal de seia:

Far!

Lat namnet ditt helgast.

Lat riket ditt koma.

3Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.

4 Tilgjev oss våre synder,

for vi òg tilgjev kvar den som står i skuld til oss.

Og lat oss ikkje koma i freisting.»

5Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød!

6Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’

7Trur de at han då svarar der inne frå: ‘Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.’

8Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk,

12eller gjev han ein skorpion når han bed om egg?

13Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»

Jesu makt over vonde ånder(Matt 12,22–30.43–45; Mark 3,22–27)

14Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg.

15Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»

16Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.»

28Dronninga frå landet i sør skal stå fram ved dommen saman med mennene i denne slekta og dømma dei. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

32Auget er kroppens lampe. Når auget ditt er friskt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi det er mørkt i kroppen.

35Sjå då til at lyset i deg ikkje er mørker!

36Er no alt i kroppen din lys og ingen del av han mørk, då blir alt lyst, som når ei lampe lyser på deg med strålane sine.»

Mot dei skriftlærde og farisearane(Matt 23,1–36)

37Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta heime hos han. Og Jesus gjekk inn og tok plass ved bordet.

38Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet.

39Men Herren sa til han:

«Ja, de farisearar, de reingjer utsida av skåler og fat, men på innsida er de griske og fulle av vondskap.

40Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendig, har ikkje han skapt det som er innvendig òg?

41Gjev heller det de har i skålene og fata, som gåve til dei fattige. Då blir alt reint for dykk.

42 Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, vinrute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

43 Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og ensar det ikkje.»

45Då tok ein av dei lovkunnige ordet og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»

46Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De lesser på folk bører som ikkje er til å bera, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.

47Ve dykk! De byggjer gravminne over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.

48Slik er de vitne om det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravminne.

49Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfølgja.

50Difor skal denne slekta få svara for blodet frå alle profetane, det som har runne frå verda vart grunnlagd,

51frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som vart drepen mellom altaret og tempelet. Ja, seier eg dykk, denne slekta skal svara for det.

52Ve dykk lovkunnige! De har teke bort nøkkelen til kunnskapen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, har de hindra.»

53Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane rasande og trengde seg inn på han med mange slags spørsmål.

5420,20Dei vakta på han og prøvde å få han til å seia noko som dei kunne klaga han for.

Blog
About Us
Message
Site Map