2. Kongebok 8 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Kvinna frå Sjunem får råd og hjelp

1 sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Gjennom han skal du spørja Herren om eg kjem til å overleva denne sjukdomen!»

9Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.

Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, aramearkongen Ben-Hadad, har sendt meg til deg for å spørja om han kjem til å overleva den sjukdomen han har.»

10Elisja svara: «Gå og sei til kongen: Du skal få leva! Men Herren har late meg sjå at han skal døy.»

11I det femte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda medan far hans endå styrte der.

17Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

18Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør.

23 2 Krøn 21,20 Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

242 Krøn 22,1ffSå gjekk Joram til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd hos dei i Davidsbyen. Son hans, Ahasja, vart konge etter han.

25 9,29 I det tolvte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda.

26Ahasja var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri.

27I si ferd var Ahasja som kongane av Ahabs hus. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens auge, for han var knytt til Ahab-ætta ved giftarmål.

28 9,14ff Saman med Joram, son til Ahab, gjekk Ahasja til krig mot aramearkongen Hasael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.

29Då vende kong Joram attende til Jisreel for å få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Rama i kampen med kong Hasael. Og Juda-kongen Ahasja, son til Joram, drog ned til Jisreel og ville sjå til Joram, Ahabs son, medan han låg sjuk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help