Salmane 122 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Ein song til festreisene. Av David.

Eg vart glad då dei sa til meg:

«Vi vil gå til Herrens hus.»

2Føtene våre står

i portane dine, Jerusalem.

3 Ja, der står troner for dommarar,

kongsstolar for Davids hus.

6 51,20 Bed om fred for Jerusalem!

Må dei som elskar deg, leva trygt!

7Må fred råda innanfor dine vollar,

tryggleik i dine borger!

8For mine brør og vener skuld

vil eg seia: «Fred over deg!»

9For tempelet skuld,

Herren vår Guds hus,

vil eg ønskja deg det gode.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help