Sefanja 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jerusalems synd og straff

1Ve den trassige, tilsølte byen,

ho som undertrykkjer!

2Ho lyder ingen,

tek ikkje imot formaning,

lit ikkje på Herren,

held seg ikkje nær til sin Gud.

3 Eg sa: «Berre du ville frykta meg

og ta imot formaning!»

Då vart ikkje bustadene utrydda,

all mi straff skulle ikkje råka byen.

Men dei gjorde berre vondt, seint og tidleg,

med alt dei gjorde.

8Difor, vent på meg,

seier Herren,

til den dagen eg står fram som vitne.

For det er min rett å samla folkeslag

og føra kongerike saman

for å ausa ut harmen min over dei,

all min brennande vreide.

For i elden frå min lidenskap

skal heile jorda øydast.

Frelse for Israels rest

9 Frå landet bortanfor elvane i Kusj

skal dotter mi, mitt spreidde folk som tilbed meg,

koma til meg med offergåver.

11 som på ein høgtidsdag.

Eg friar deg frå den dagen

du måtte tola spott.

19 5 Mos 26,19; Mi 4,6f Sjå, på den tida grip eg inn

mot alle dei som plagar deg,

eg bergar dei haltande,

og dei bortdrivne samlar eg.

Eg gjev dei eit godt namn og rykte

i alle land der dei hadde vorte til skamme.

20 5 Mos 30,3ff; Jer 29,14; Hos 6,11; Sef 2,7 På den tida fører eg dykk,

då samlar eg dykk.

For eg vil gje dykk eit godt namn og rykte

mellom alle folk på jorda

når eg for auga på dykk

vender dykkar lagnad,

seier Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help