1 «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»
5No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.
7«Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.
8Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.
9Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen
10og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11 På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.
15Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,
16Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»
211 Kor 6,19Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp.
22Luk 24,6ff; Joh 12,16; 14,26Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa læresveinane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
Jesus og Nikodemus23 7,31; 8,30; 10,42; 11,45; 12,11.42 Medan han var i Jerusalem i påskehøgtida, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde.
24Men Jesus var ikkje fortruleg mot dei, for han kjende alle,
25og han trong ikkje at nokon skulle vitna om mennesket. Kva som budde i mennesket, visste han sjølv.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.