Johannes 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus og den samaritanske kvinna

1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.

2No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans.

3Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen.

4Han måtte dra gjennom Samaria,

5Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.

7Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.»

8For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat.

9«Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»

21Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far.

22Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»

Jesus og samaritanane

27I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne.

28Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:

29«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?»

30Då gjekk dei ut av byen og kom til han.

31I mellomtida bad læresveinane han: «Rabbi, kom og et!»

32Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»

33Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?»

34Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.»

53Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei kom til tru, både han og heile hans hus.

542,11Dette andre teiknet gjorde Jesus då han kom frå Judea til Galilea.

Blog
About Us
Message
Site Map