1 av Hebron-sønene Jeria, den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam;
24av Ussiel-sønene Mika, av Mika-sønene Sjamir
25– bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja;
26av Merari-sønene Mahli og Musji – mellom sønene hans var Jaasia òg,
27og etterkomarar av Merari gjennom Jaasia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri;
28Elasar, son til Mahli, hadde ingen søner.
29Til Kisj, det vil seia sønene til Kisj, høyrde Jerahmeel.
30Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, familie for familie.
31Dei kasta òg lodd, som aronittane, brørne sine, i nærvær av kong David, Sadok og Ahimelek og leiarane for familiane til prestane og levittane, med same vilkår for dei fremste familiane som for dei ringaste.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.