Salmane 77 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Etter Jedutun. Av Asaf. Ein salme.

2 Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren.

Om natta retter eg handa ut,

ho trøytnar ikkje.

Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4Eg tenkjer på Gud og sukkar,

eg grublar, og mi ånd veiknar. Sela

5Du held auga mine opne,

eg er uroleg, eg kan ikkje tala.

6

11Eg seier: «Dette plagar meg:

høgre handa til Den høgste

er ikkje lenger den same.»

12Eg minnest Herrens verk,

minnest dine under frå gammal tid.

13Eg grundar på alt du gjorde,

og grublar over dine storverk.

14

17 66,6+; 74,13+ Vatnet såg deg, Gud,

vatnet såg deg og skalv,

det store djupet bivra.

18Skyene auste ut vatn,

det torna frå tunge skyer,

pilene dine lynte att og fram.

19Di torerøyst rulla i stormen,

lyna lyste opp verda.

Jorda riste og skalv.

20 2 Mos 14,22 Din veg gjekk gjennom sjøen,

din stig gjennom veldige vatn.

Ingen kjende dine fotspor.

21 78,52; Jes 63,11ff Ved handa til Moses og Aron

førte du folket ditt som ein flokk med sauer.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help