1 Herren sa til Moses:
2Tal til israelittane og sei til dei: Om nokon, mann eller kvinne, høgtideleg gjer ein nasirearlovnad og vier seg til Herren,
3skal han halda seg borte frå vin og sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller av sterk drikk. Han skal heller ikkje drikka noka saft som er laga av druer, og ikkje eta druer, anten dei er friske eller tørka.
4Dette skal presten svinga for Herrens andlet som eit svingeoffer. Det er helga til presten saman med brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.
21Dette er lova om nasirearen. Den som gjev lovnad om eit offer til Herren av det han har råd til, i tillegg til det vigslinga hans krev, må gjera som han har lova. Dette kjem i tillegg til lova om vigslinga hans.
Herrens velsigning22 Herren sa til Moses:
23Tal til Aron og sønene hans og sei: Slik skal de velsigna israelittane. De skal seia til dei:
24 Sal 121,7f Herren velsigne deg
og vare deg!
25 Sal 67,2 Herren la sitt andlet lysa over deg
og vere deg nådig!
26 Herren lyfte sitt andlet mot deg
og gje deg fred!
27Dei skal setja mitt namn på israelittane, og eg vil velsigna dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.