1 Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.
2 Hos profeten Jesaja står det skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydda vegen for deg.
3
Rydd Herrens veg,
gjer stigane hans rette!
4 Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene.
5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
6og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.
Jesus tek til med si gjerning(Matt 4,12–17; Luk 4,14–15)14 og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
Dei første læresveinane(Matt 4,18–22; Luk 5,1–11)16 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.
17Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
18Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.
19Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna.
20Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.
Ein dag i Kapernaum(Matt 8,14–17; Luk 4,31–41)21 Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste.
22Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.
23 No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa:
24«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
25Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»
26Då det vart kveld og sola gjekk ned, kom dei til han med alle som var sjuke eller hadde vonde ånder.
33Heile byen var samla utanfor døra.
34Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.»
41Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!»
42Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein.
43Jesus tala strengt til han og sende han straks bort.
443 Mos 14,2ff; Matt 9,30; Mark 3,12; 7,36; 8,30; 9,9; Luk 4,41«Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
45Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.