Jesaja 47 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Spottevise om Babel

1 Sal 137,8; Jer 13,18 Stig ned, jomfru,

set deg i støvet, dotter Babel!

Set deg på bakken utan trone,

du kaldear-dotter.

For du skal ikkje lenger kallast

den fine og bortskjemde.

2 Dom 16,21 Ta handkverna og mal mjøl!

Ta sløret bort, lyft slepet opp,

blott låra, vad over elvar!

3 Esek 16,37; 23,29; Hos 2,10; Nah 3,5 Dei skal blotta den nakne kroppen din,

di vanære skal bli synleg.

Eg tek hemn og skånar ingen.

4 41,14 Han som løyser oss ut,

Herren over hærskarane er hans namn,

Israels heilage.

5Sit i stille,

gå inn i mørkret,

du kaldear-dotter!

For du skal ikkje lenger kallast

dronning over kongerike.

6 Sal 60,3; 74,1.7; Klag 2,1f Eg vart harm på mitt folk

og vanæra eigedomen min.

Eg overgav dei i dine hender.

Du hadde ikkje miskunn med dei.

På den gamle la du ditt tunge åk.

7 Op 18,7f Du sa: «For all tid skal eg vera evig dronning.»

Du tenkte ikkje over

korleis dette skulle enda.

8Og no, høyr dette,

du som lever i overflod,

som sit så trygg,

som seier i hjartet ditt:

«Eg og ingen annan!

Eg skal ikkje sitja som enkje

eller mista born.»

9 Op 18,23 Men begge delar skal koma over deg,

brått, på ein einaste dag.

Barnløyse og enkjestand

skal koma over deg i fullt mål

trass i dei mange trolldomskunstene dine

og den kraftige maninga di.

10Du var trygg i vondskapen din.

Du sa: «Ingen ser meg.»

Din visdom og kunnskap førte deg vill,

så du sa i hjartet:

«Eg og ingen annan!»

11Det vonde skal koma over deg,

det kan du ikkje trylla bort.

Ulukke skal falla over deg,

du kan ikkje sona deg frå henne.

Brått kjem øydelegginga over deg,

du veit ikkje om henne.

12Kom no med di maning

og alle trolldomskunstene dine

som du har slite med frå du var ung.

Kanskje kan du få hjelp,

kanskje kan du skremma ulukka bort?

13 Dan 2,2; 4,6f Du er trøytt av mange slags råd.

No får dei koma og frelsa deg,

dei som deler inn himmelen,

granskar stjernene

og månad for månad varslar

kva som skal henda deg.

14Sjå, dei blir som halm,

elden brenner dei opp.

Dei kan ikkje berga livet

frå logane.

Dette er ikkje glør til å verma seg ved,

bål til å sitja framføre!

15Slik går det med trollmennene

som du har slite for

frå du var ung.

Dei vinglar kvar til sin kant,

det er ingen som frelser deg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help