Esekiel 46 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Fyrsten i tempelet

1Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagane og nymånedagen skal han opnast.

2Når fyrsten kjem utanfrå gjennom forhallen i porten, skal han stilla seg attmed ein av portstolpane. Medan prestane ber fram brennoffer og fredsoffer for han, skal han bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Porten skal ikkje latast att før om kvelden.

3Folket i landet skal tilbe Herren ved inngangen til denne porten på sabbatane og nymånedagane.

4Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lam utan feil og ein vêr utan feil.

5Grødeofferet skal vera ein efa mjøl til vêren, til lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

6På nymånedagen skal han ofra ein ungokse utan feil, seks lam og ein vêr utan feil.

7Som grødeoffer skal han gje ein efa mjøl til ungoksen, til vêren ein efa og til lamma så mykje han har råd til, og ein hin olje til kvar efa.

8 Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho vera hans til frigjevingsåret. Då skal ho gå tilbake til fyrsten. Hans jordeigedom skal vera berre for sønene.

181 Kong 21,2.16; Esek 45,8Fyrsten må ikkje ta jord frå folket så han driv nokon bort frå eigedomen deira. Berre av eigen eigedom kan han gje sønene arv, så folket mitt ikkje skal jagast bort frå eigedomen sin.

Der slaktoffera blir kokte

19Han førte meg gjennom inngangen attmed porten til dei romma i heilagdomen som er for prestane, dei som vender mot nord. Og sjå, der var det ein stad lengst mot vest.

203 Mos 6,19f; Esek 44,19Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka grødeofferet. Dei må ikkje bera det ut i den ytre føregarden så dei gjer folket heilagt.»

21Så førte han meg ut til den ytre føregarden og rundt til dei fire hjørna. Og sjå, i kvart hjørne var det eit gardsrom.

22I dei fire hjørna låg det slike små gardsrom, førti alner lange og tretti alner breie. Alle fire hadde same mål.

23Det gjekk ein steinmur rundt kvar av dei fire, og det var bygd kokeplassar langs foten av muren.

24Han sa til meg: «Dette er kjøkken der tempeltenarane koker slaktoffera for folket.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help