1«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar.
2Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene.
3Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut.
4Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om innviinga av tempelet. Det var vinter.
23Og Jesus gjekk omkring i Salomos søylehall på tempelplassen.
24Då flokka jødane seg omkring han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det rett ut!»
25Det Far min har gjeve meg, er større enn alt anna, og ingen kan riva det ut av handa til Far min.
301,1; 14,9; 17,21Eg og Far er eitt.»
31 8,59 På nytt tok jødane opp steinar og ville steina han.
32Jesus sa til dei: «Eg har vist dykk mange gode gjerningar frå Far. Kva for ei av desse gjerningane er det de vil steina meg for?»
333 Mos 24,16; Matt 9,3; Joh 5,18; 19,7«For ei god gjerning steinar vi deg ikkje», svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»
34Sal 82,6Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt: ‘De er gudar’?
35Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje setjast ut av kraft.
36Kvifor seier de då om han som Far har helga og sendt til verda: ‘Du spottar Gud’ når han seier: ‘Eg er Guds Son’?
37Gjer eg ikkje gjerningane til Far min, så tru meg ikkje.
3814,10f.20; 17,21Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Far er i meg og eg i Far.»
397,30Då prøvde dei på nytt å gripa han, men han slapp ut av hendene deira.
40 1,28 Så fór Jesus attende til andre sida av Jordan, til den staden der Johannes først hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.
41Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.»
422,23+Og det var mange der som kom til tru på Jesus.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.