1 Om ammonittane.
Så seier Herren:
Har ikkje Israel born,
har han ingen arving?
Kvifor har då Milkom teke over Gad
og folket hans slege seg ned i byane der?
2 Difor, sjå, dagar skal koma,
seier Herren,
då eg lèt krigsrop lyda
for ammonittane i Rabba.
Byen skal bli til ein aud ruinhaug,
dotterbyane skal brennast opp.
Israel skal driva bort
dei som hadde drive han bort, seier Herren.
3 Om Edom.
Så seier Herren over hærskarane:
Finst det ikkje visdom lenger i Teman?
Har ikkje dei kloke råd å gje?
Har visdomen deira rotna?
8 Flykt, snu om! Bu i djupet,
de som bur i Dedan.
For eg lèt Esaus ulukke koma over han,
tida då eg krev han til rekneskap.
9 Om Damaskus.
Hamat og Arpad blir til skamme,
for dei har fått høyra ein bodskap om ulukke
og skjelv som havet i uro,
aldri fell det til ro.
24Damaskus mistar motet, snur og flyktar,
ho er gripen av trengsle
og av rier som hos ei fødande kvinne.
25Forlaten er den namngjetne byen,
mi gledes by!
26 Eg set fyr på muren kring Damaskus,
eld skal øyda Ben-Hadads borger.
Kedar og Hasor28 Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.
Så seier Herren:
Opp, rykk fram mot Kedar,
øydelegg folka i aust!
29Dei skal ta telta og småfeet frå dei,
teltdukane og alle reiskapane,
dei skal ta kamelane deira med seg
og ropa til dei:
«Redsle på alle kantar!»
30Flykt! Skund dykk bort!
Gøym dykk djupt nede,
de som bur i Hasor, seier Herren.
For kong Nebukadnesar av Babel
har teke ei avgjerd
og lagt ein plan mot dykk.
31Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk,
mot dei som bur trygt, seier Herren.
Det har korkje portar eller bommar
og bur for seg sjølv.
32 9,26; 25,23 Kamelane deira skal bli til rov,
den store buskapen til bytte.
Dei som har kortklipt hår ved tinningen,
skal eg spreia for alle vindar;
eg lèt ulukke koma over dei
frå alle kantar, seier Herren.
33Hasor blir ein stad der sjakalar held til,
ein ørken for alle tider.
Ingen skal bu der,
ikkje eit menneske slå seg ned.
Elam34 Jes 21,2; Jer 25,25 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:
35Så seier Herren over hærskarane:
Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane,
det sterkaste våpenet deira.
36Mot Elam sender eg fire vindar
frå dei fire himmelhjørna
og spreier dei for alle desse vindane.
Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslag
der det ikkje kjem nokon
som er drivne bort frå Elam.
37Eg slår Elam med skrekk for fienden
og for alle som står dei etter livet.
Eg lèt ulukke koma over dei,
min brennande vreide, seier Herren.
Eg sender sverdet etter dei
til eg får gjort ende på dei.
38Så set eg mi trone i Elam
og ryddar ut kongen og stormennene der,
seier Herren.
39 48,47; 49,6 Men i dagar som kjem,
vender eg lagnaden for Elam,
seier Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.