1 Høyr dette, de prestar,
og lytt, du Israels hus,
du kongehus, vend øyret til!
Dommen gjeld dykk!
For de har vorte ei snare for Mispa,
eit utspent nett på Tabor
2 og ei djup fallgrav i Sjittim.
Men eg vil tukta dei alle.
3 Dei har vore trulause mot Herren,
for dei har fått born som ikkje er hans.
No skal nymånen eta opp
både dei og det dei eig.
Herren er som ei løve8 Lat hornet gjalla i Gibea,
blås i trompet i Rama,
lyft hærrop i Bet-Aven!
Dei er etter deg, Benjamin!
9 Og Efraim såg sin sjukdom
og Juda sitt sår.
Då gjekk Efraim til Assur
og sende bod til storkongen.
Men han kan ikkje gjera dykk friske
og ikkje lækja dykkar sår.
14Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim,
som ei ungløve mot Judas hus.
Eg, eg riv sund og går min veg,
eg sleper bort, og ingen bergar.
15 3 Mos 26,40; Sal 78,34 Eg vil venda attende til min stad
til dess dei erkjenner si skuld
og søkjer mitt andlet.
I si naud skal dei leita etter meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.