1 «Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg.
11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.
12Då sa Esau: «Lat oss bryta opp og dra vidare, så skal eg dra rett framanfor deg.»
13Men Jakob svara: «Min herre veit at borna er veike, og eg må tenkja på småfeet og storfeet som gjev mjølk. Driv ein dei for hardt berre éin dag, døyr alt småfeet.
14Vil ikkje herren min dra i førevegen for tenaren sin? Så kan eg følgja sakte etter, med ein fart som høver for buskapen og borna, til eg er framme hos deg i Se'ir.»
15Då sa Esau: «Gjev meg lov til å la nokre av mennene mine vera att hos deg.» Men han svara: «Kvifor det? Det er nok at min herre ser på meg med velvilje.»
16Same dagen snudde Esau om og drog til Se'ir.
17Jakob drog til Sukkot og bygde seg eit hus der. Han laga lauvhytter til buskapen sin, difor kalla han staden Sukkot.
18Jakob kom vel fram til byen Sikem, som er i landet i Kanaan, då han kom frå Paddan-Aram. Han slo leir utanfor byen.
19Jordstykket der han hadde sett opp teltet sitt, kjøpte han for hundre kesita av sønene til Hamor, far til Sikem.
20Der reiste han eit altar og kalla det El-Elohe-Israel.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.