1Då den sjuande månaden kom og israelittane hadde busett seg i byane, samla folket seg alle som ein i Jerusalem.
2Deretter bar dei fram det daglege brennofferet og brennoffer for nymånedagane og for alle andre høgtider som var helga til Herren, og like eins alle frivillige offer til Herren.
6Den første dagen i den sjuande månaden tok dei til å bera fram brennoffer for Herren, sjølv om grunnvollen til Herrens tempel enno ikkje var lagd.
7 I det andre året etter at dei var komne til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, sette dei i gang, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og resten av brørne deira, prestane og levittane, og alle dei andre som var komne til Jerusalem frå fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir, til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus.
9Josva og sønene og brørne hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja stod fram alle som ein og hadde tilsyn med arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane av Henadad med sønene og brørne sine, som òg var levittar.
10 1 Krøn 15–16; 23–26; 2 Krøn 29,25f Bygningsmennene la grunnvollen til Herrens tempel. Så stilte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar, og levittane, Asaf-sønene, stilte seg opp med symbalar for å prisa Herren, slik David, Israels-kongen, ville.
112 Krøn 5,13; Sal 100,4f; 106,1; 107,1; 118,1; 136,1Dei stemde i med lov og takk til Herren: «Han er god, evig varer hans miskunn mot Israel.» Og alt folket jubla høgt og lova Herren fordi grunnvollen til Herrens hus var lagd.
12Hag 2,3Men mange av prestane, levittane og leiarane for familiane som var så gamle at dei hadde sett det første tempelet, gret høgt då dei såg det tempelet som no vart grunnlagt. Andre jubla høgt i glede.
13Det var ikkje råd å skilja dei glade jubelropa frå folket sin gråt. For folket jubla så høgt at det kunne høyrast vidt omkring.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.