Lukas 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Likninga om forvaltaren som handla klokt

1Jesus sa til læresveinane: «Det var ein rik mann som hadde ein forvaltar. Og folk kom til han og sa at denne forvaltaren sløste bort formuen hans.

2Då kalla han forvaltaren til seg og sa: ‘Kva er det eg høyrer om deg? Legg fram rekneskap for drifta, for du kan ikkje lenger vera forvaltar hos meg.’

3Mannen tenkte: ‘Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Å grava har eg ikkje krefter til, tigga skjemmest eg ved.

4Jau, eg veit kva eg må gjera for at folk skal ta imot meg i heimane sine når eg blir avsett.’

5Så kalla han til seg dei som stod i skuld til herren hans, ein for ein. Til den første sa han: ‘Kor mykje er du skuldig herren min?’

6‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’

7Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren.

8Og eg seier dykk: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

10 Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.

18 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår.

21Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.

22Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.

23Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han.

24Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’

25Matt 5,4; Luk 6,24fAbraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt.

26Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’

27Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.

28Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’

29Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’

30‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’

31Joh 5,46fDå sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

Blog
About Us
Message
Site Map