Nehemja 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Sletting av gjeld

1Det steig eit klagerop frå folket og kvinnene mot dei judeiske brørne.

2Somme sa: «Med sønene og døtrene våre er vi mange. Vi må ha korn så vi kan eta og leva.»

3Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i landet Juda, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, åt korkje eg eller mine folk statthaldaren sitt brød.

15Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt ei stor bør på folket. Dei tok førti sjekel sølv om dagen til brød og vin. Også mennene deira var harde mot folket. Men eg gjorde ikkje slikt, for eg frykta Gud.

16 Eg var òg med i arbeidet på denne muren, sjølv om vi ikkje eigde jord, og alle mennene mine var samla til arbeid der.

17150 judearar og stormenn åt ved mitt bord, i tillegg til dei som kom til oss frå folkeslaga omkring oss.

18Kvar dag fekk eg laga til ein okse, seks sauer av beste sort og fugl, og kvar tiande dag mykje god vin av alle slag. Likevel gjorde eg ikkje krav på statthaldaren sitt brød. For arbeidet kvilte tungt på dette folket.

19Min Gud, rekna meg til gode alt det eg har gjort for dette folket!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help