1 Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,
2helsar Timoteus, mitt ektefødde barn i trua: Nåde, miskunn og fred frå Gud, vår Far, og Kristus Jesus, vår Herre!
Åtvaring mot vranglærarar3 Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære
4eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.
5Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.
Oppdraget til Timoteus18 Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden,
193,9i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist.
201 Kor 5,5; 2 Tim 2,17; 4,14Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.