1 I det niande styringsåret til Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assur. Han lét dei busetja seg i Halah og ved Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
Grunnane til at Nordriket fall7 Dei gjekk frå alle dei boda som Herren deira Gud hadde gjeve dei. Dei laga seg to støypte kalvar og reiste ein Asjera-påle. Dei bøygde seg og tilbad heile himmelhæren og dyrka Baal.
17Dei lét sønene og døtrene sine gå gjennom elden, tok varsel og dreiv med spådomskunster. Dei selde seg sjølve til å gjera det som vondt var i Herrens auge, og dermed gjorde dei han rasande.
18 Assyrarkongen henta folk frå Babel, Kuta, Avva, Hamat og Sefarvajim og lét dei busetja seg i byane i Samaria i staden for israelittane. Dei tok Samaria i eige og slo seg ned i byane der.
253 Mos 26,22Den første tida dei budde der, frykta dei ikkje Herren. Difor sende Herren løver inn mellom dei, og løvene drap mange av dei.
26Då var det nokon som sa til assyrarkongen: «Dei folka du førte bort og lét busetja seg i byane i Samaria, veit ikkje korleis dei skal dyrka guden her i landet. Han har sendt løver inn mellom dei, og løvene drep dei fordi dei ikkje veit korleis guden i landet skal dyrkast.»
27Då gav assyrarkongen denne ordren: «Send tilbake ein av dei prestane de har ført bort frå landet! Lat han fara av stad og busetja seg der, og så skal han læra folket korleis guden i landet skal dyrkast.»
28Ein av prestane som var bortført frå Samaria, kom då og busette seg i Betel. Han lærte folket korleis dei skulle frykta Herren.
29 Jona 1,5 Likevel heldt kvart folk fram med å laga seg sine eigne gudar og sette dei i heilagdomar som folket i Samaria hadde bygd på offerhaugane. Det gjorde kvart folk i byane der dei budde.
30Folket frå Babel laga eit bilete av Sukkot-Benot, dei frå Kut laga eit bilete av Nergal, og dei frå Hamat laga eit bilete av Asjima.
31Folket frå Avva laga bilete av Nibhas og Tartak, og dei frå Sefarvajim brende sønene sine i elden for Adrammelek og Anammelek, gudane i Sefarvajim.
321 Kong 12,31Dei frykta nok Herren, men gjorde òg nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane, og dei ofra for dei i heilagdomane der.
33Dei frykta Herren, men dyrka sine eigne gudar på same måten som dei folkeslaga dei var bortførte frå.
34 1 Mos 32,28 Til denne dag har dei følgt dei gamle skikkane sine. Dei fryktar ikkje Herren og følgjer ikkje dei forskriftene og reglane, den lova og det bodet Herren la på etterkomarane til Jakob, som han gav namnet Israel.
352 Mos 23,13; Dom 6,10
Herren gjorde ei pakt med dei og gav dei dette bodet: «De skal ikkje frykta andre gudar, ikkje bøya dykk og tilbe dei og ikkje dyrka dei eller ofra til dei.36Men Herren som førte dykk opp frå Egypt med stor styrke og strak arm, han skal de frykta. Han skal de bøya dykk for og tilbe, og til han skal de ofra.
37Dei forskriftene og reglane, den lova og det bodet han skreiv opp for dykk, skal de alltid leggja vinn på å følgja. Og de må ikkje frykta andre gudar.
38Gløym ikkje den pakta eg gjorde med dykk, og frykt ikkje andre gudar!
39Berre Herren dykkar Gud skal de frykta; så vil han fri dykk frå fiendehand.»
40Men dei ville ikkje høyra. Dei heldt fram med å følgja dei gamle skikkane sine.
41Desse framande folkeslaga frykta nok Herren, men dyrka sine eigne gudebilete. Til denne dag har borna og barneborna deira gjort som fedrane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.