2. Krønikebok 33 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Juda-kongane Manasse og Amon

1 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Baal-gudane og laga Asjera-pålar, og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom, og han søkte råd hos åndemanarar og spåmenn. Manasse gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.

7 Etter dette bygde han ein ytre mur om Davidsbyen, vestafor Gihon, i dalen, fram til Fiskeporten og rundt Ofel, og han gjorde muren svært høg. Så sette han befalingsmenn i alle festningsbyane i Juda.

15Han tok bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet. Like eins gjorde han med alle dei altara han hadde bygd på Herrens tempelberg og i Jerusalem. Han kasta dei utanfor byen.

16Så sette han i stand Herrens altar, og der bar han fram fredsoffer og takkoffer. Og han sa til judearane at dei skulle tena Herren, Israels Gud.

17Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.

18Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet til Herren, Israels Gud, det finst i krønikeboka til Israels-kongane.

19Om bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, om all synda og truløysa hans, og om dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete før han audmjuka seg, alt dette står skrive i krønikeboka til sjåarane hans.

20Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd på slottsområdet, og Amon, son hans, vart konge etter han.

21 2 Kong 21,19–26 Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.

22Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebileta som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei.

23Men han audmjuka seg ikkje for Herren slik Manasse, far hans, hadde gjort. Denne Amon drog på seg endå meir skuld.

242 Kong 12,20Mennene hans svor seg saman mot han, og dei drap han i hans eige hus.

252 Sam 1,14ffMen folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help