1. Samuelsbok 14 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Ein dag sa Jonatan, son åt Saul, til våpenberaren sin: «Kom, lat oss dra over til filistarforposten der borte på andre sida.» Men han sa ikkje noko om det til far sin.

2Ahia bar efod-drakta. Han var son til Ahitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.

4På kvar side av det skardet der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein bratt berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.

5Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt imot Mikmas, den andre på sørsida, midt imot Geba.

6Men medan Saul tala med presten, auka forvirringa i filistarleiren meir og meir. Saul sa då til presten: «Trekk handa di tilbake!»

20Då Saul hadde sikra seg kongsmakt over Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistrane. Og kvar han enn vende seg, vann han siger.

48Saul gjorde storverk. Han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra dei.

49 31,2 Sønene til Saul var Jonatan, Jisjvi og Malkisjua. Han hadde to døtrer. Den eldste heitte Merab og den yngste Mikal.

50Kona til Saul heitte Ahinoam. Ho var dotter til Ahimaas. Hærføraren hans heitte Abner. Han var son til Ner, Sauls onkel.

519,1Kisj, far til Saul, og Ner, far til Abner, var begge søner av Abiel.

52Krigen mot filistrane var hard så lenge Saul levde. Kvar sterk og djerv mann Saul fekk auge på, tok han i si teneste.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help