1. Mosebok 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Gud kallar og velsignar Abram

1 drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet.

7Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn.

9Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.

Abram og Sarai i Egypt

10 26,1; 41,57 Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet.

11Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne.

12Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva.

1320,2.12; 26,7Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»

14Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker.

15Og stormennene til farao fekk sjå henne og lét vel om henne for han. Så vart kvinna henta til faraos hus.

16Og farao gjorde godt mot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, slavar og slavekvinner, eselhopper og kamelar.

17Men Herren lét svære plager råka farao og huset hans på grunn av Sarai, kona til Abram.

18Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort mot meg? Kvifor fortalde du meg ikkje at ho er kona di?

19Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og gå!»

20Farao sette nokre menn til å senda han bort saman med kona hans og alt han eigde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help