Apostelgjerningane 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Peter lækjer og forkynner

1 Peter og Johannes gjekk ein dag opp til tempelet, til ettermiddagsbøna ved den niande timen.

2Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen.

3Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.

4Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»

5Han så gjorde, for han venta å få noko av dei.

6Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!»

7Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og anklane.

8Han sprang opp, stod på føtene og tok til å gå omkring. Så følgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han, og snart sprang han, alt medan han song og lova Gud.

9Alt folket såg korleis han gjekk omkring og lovprisa Gud.

10Mannen heldt seg nær til Peter og Johannes, og alt folket flokka seg omkring dei i Salomos søylehall, fulle av undring.

12Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:

«Israelittar! Kvifor undrast de over dette? Kvifor stirer de på oss som om det var vår eiga kraft eller gudsfrykt som gjorde at denne mannen kan gå?

132 Mos 3,6; Jes 52,13ff; Joh 18,38; 19,12Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus. De utleverte han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri.

14Luk 23,18De fornekta Den heilage og rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven.

15Apg 1,8+; Hebr 2,10Men opphavsmannen til livet drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om.

16Matt 9,22; Mark 5,34; 10,52; Luk 7,50; 8,48; 17,19; Apg 16,31Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gjorde mannen heil og frisk, som de alle kan sjå.

1713,27; 1 Kor 2,8Eg veit nok, brør, at de gjorde dette fordi de var uvitande, slik rådsherrane dykkar er.

18Luk 24,44Men slik oppfylte Gud det han på førehand hadde forkynt gjennom alle profetane, at hans Messias skulle lida.

192,38+Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut.

20Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus.

21Han må vera i himmelen til den tid kjem då alt det skal gjenreisast som Gud har tala om frå eldgamle dagar ved munnen til sine heilage profetar.

225 Mos 18,15; Luk 9,35Moses har sagt: ‘Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk.

233 Mos 23,29; 5 Mos 18,19

Kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal ryddast ut frå folket.

24Luk 24,27Ja, alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar.

251 Mos 12,3; 22,18; Gal 3,8De er born av profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: ‘I di ætt skal alle slekter på jorda velsignast.’

26Matt 15,24; Apg 13,46; Rom 1,16Det var for dykk at Gud først lét tenaren sin stå fram, og han sende han for å velsigna dykk når kvar og ein vender om frå vondskapen sin.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help