2. Samuelsbok 17 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Sidan sa Ahitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt.

2Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem heile hæren som er hos han, til å rømma. Det er berre kongen eg vil drepa.

3Sidan fører eg heile hæren tilbake til deg som når ei brur blir ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du er ute etter; resten av hæren får vera uskadd.»

4Både Absalom og alle dei eldste i Israel tykte dette var eit godt råd.

5Jonatan og Ahimaas heldt seg ved Rogel-kjelda. Ei tenestejente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.

18Men denne gongen var det ein unggut som fekk auge på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bahurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brønn i tunet, og den klatra dei nedi.

19Med det same David nådde fram til Mahanajim, kom Sjobi, son til Nahasj frå Rabba i Ammon, og Makir, son til Ammiel frå Lo-Debar, og Barsillai frå Rogelim i Gilead.

28Dei kom med sengeutstyr, skåler og kar, og dei hadde med seg kveite, bygg, mjøl, steikt korn, bønner, linser,

29honning, smør, sauekjøt og ost av kumjølk. Det sette dei fram for David og folket som var med han, så dei fekk eta. For dei tenkte at mennene hadde vorte både svoltne, trøytte og tørste i øydemarka.

Blog
About Us
Message
Site Map