1Då svara Herren Job ut av stormen og sa:
2 Spenn beltet om livet som ein mann,
så vil eg spørja deg, og du skal svara.
3 Sjå Behemot: Eg skapte både henne og deg.
Ho et gras som ein okse.
11Sjå for ei kraft ho har i hoftene,
og for ein styrke i bukmusklane!
12Ho strekkjer ut halen, stiv som ein seder,
og lårsenene er fast fletta.
13Beina er som bronserøyr,
knoklane som jernstenger.
14 Ho er Guds fremste verk,
av skaparen fekk ho sitt sverd.
15Fjella gjev henne føde,
alle villdyra leikar der.
16Ho kviler under lotusplanter,
i ly av siv og sump.
17Lotusen gjev skugge,
piletrea ved elva omgjev henne.
18Om elva fossar, er ho like roleg,
trygg sjølv når Jordan brusar mot gapet hennar.
19Kven torer openlyst angripa henne
og dra ei snor gjennom nasen?
20 Kan du dra Leviatan opp med krok
og halda tunga hans nede med band?
21Kan du setja sivreip i nasen på han
og stikka ein krok gjennom kjevane?
22Vil han då trygla deg om nåde
eller tala blidt til deg?
23 5,23; 39,12–15 Gjer han pakt med deg
så du kan ta han som slave for alltid?
24Kan du leika med han som med ein fugl,
leia han i band til småjentene dine?
25Kjøpslår handelsmenn om han,
stykkjar dei han ut mellom kjøpmenn?
26Kan du fylla huda hans med spyd,
hovudet hans med harpunar?
27Legg du hand på han,
får du ein kamp du vil hugsa og ikkje vil ha igjen.
28Då blir håpet ditt til skamme.
Du blir slegen ned straks du ser han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.