Hosea 14 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 2 Kong 8,12; 15,16; Hos 10,14; Am 1,13 Samaria skal bøta

fordi ho var trassig mot sin Gud.

Dei skal falla for sverd,

småborna deira skal knusast,

og kvinnene som ventar barn,

skal skjerast opp.

Eg vil lækja deira fråfall

2 12,7+; Sak 1,4 Vend om, Israel, til Herren din Gud,

for du har snubla i di skuld.

3 Sal 119,108+; Hebr 13,15 Ta ord med dykk

og vend om til Herren,

sei til han:

«Tilgjev all skuld

og ta imot det gode,

så vil vi betala med

frukta av leppene våre.

4 Sal 10,14.18+; Jes 30,16; Hos 1,6; 2,1 Assur vil ikkje hjelpa oss,

vi skal ikkje ri på hestar,

og vi vil ikkje lenger seia: Vår gud!

til det våre hender har gjort.

Hos deg finn den farlause miskunn.»

5 6,1+ Eg vil lækja deira fråfall,

og eg vil elska dei av hjartet,

for min vreide har vendt seg frå dei.

6Eg vil vera som dogg for Israel.

Han skal bløma som ei lilje

og røta seg som trea på Libanon

7 Sal 80,10ff; Jes 35,1f og breia greinene sine utover.

Han skal vera fager som oliventreet

og anga som skogen på Libanon.

8Igjen skal dei bu i hans skugge,

dei skal dyrka korn

og bløma som vinstokken.

Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.

9Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?

Det er eg som svarar han og ser til han.

Eg er som ein grøn sypress,

frå meg skal frukta di koma.

10 Sal 107,43; Ordt 10,29; Jer 9,12 Kven er så vis at han forstår dette,

forstandig nok til å skjøna det?

Ja, Herrens vegar er rette,

dei rettferdige vandrar på dei,

men syndarane snublar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help