5. Mosebok 29 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Guds pakt med Israel i Moab

1Dette er orda i den pakta som Herren baud Moses å gjera med israelittane i landet Moab, i tillegg til den pakta han hadde gjort med dei ved Horeb.

2 svovel og salt, heile landet avsvidd så det kan ikkje såast, bli grønt eller noko strå kan veksa der, slik det var då Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim vart øydelagde, dei som Herren i sin vreide og harme la øyde.

241 Kong 9,8f; Jer 22,8fDå skal dei seia og alle folkeslag spørja: «Kvifor har Herren fare slik åt med dette landet? Kvifor denne store vreiden?»

25Og dei skal få til svar: Fordi dei braut den pakta som Herren, deira fedrars Gud, gjorde med dei då han førte dei ut frå Egypt.

26Dei gjekk av stad og dyrka andre gudar og tilbad dei, gudar som dei ikkje kjende, og som han ikkje hadde gjeve dei.

27Difor loga Herrens vreide opp mot dette landet, så han førte over det all den forbanning som er nedskriven i denne boka.

28I harme, illsinne og stor vreide rykte Herren dei opp frå jorda deira og kasta dei bort til eit anna land, og der har dei vore til denne dag.

29 Sal 147,19 Det dulde høyrer Herren vår Gud til, men det som er openberra, høyrer til oss og våre born til evig tid, så vi skal halda kvart ord i denne lova.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help