Esekiel 44 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Levittar og prestar

1Han førte meg tilbake gjennom den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd.

2Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd. Han skal ikkje opnast, og ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten, difor skal han vera stengd.

3De lét framande, uomskorne på både hjarte og lem, koma inn og vera i min heilagdom. Slik vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta mi med alt det avskyelege de gjorde.

8De tok dykk ikkje av tenesta med dei heilage tinga mine, men sette andre til å gjera teneste i heilagdomen i dykkar stad.

9Så seier Herren Gud: Ingen framand, uomskoren på hjarte og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.

10Men dei levittane som forlét meg då Israel villa seg bort frå meg og følgde avgudane sine, dei må bera si skuld.

11Men levittprestane av Sadok-ætta, som tok seg av tenesta i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og tena meg. Dei skal stå for mitt andlet og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud.

16Dei skal gå inn i min heilagdom, og dei skal stiga fram til mitt bord og tena meg. Slik skal dei gjera teneste for meg.

17Når dei går inn gjennom portane til den indre føregarden, skal dei ta på seg linklede. Dei må ikkje ha på seg noko av ull når dei gjer teneste i portane til den indre føregarden eller inne i tempelet.

18Av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet skal dei eta, og alt som er lagt under bann i Israel, skal høyra dei til.

304 Mos 15,20f; 18,13Det beste av all førstegrøde og alle offergåver de gjev, skal prestane ha. Det første av brøddeigen skal de gje presten. Då skal det kvila velsigning over huset ditt.

312 Mos 22,31; 3 Mos 22,8Men kjøt frå sjølvdaude eller ihelrivne fuglar eller dyr må ikkje prestane eta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help