1 Då fekk Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og krenkte henne.
3Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala til hjartet hennar.
4Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få denne jenta til kone!»
5Jakob fekk høyra at Sikem hadde gjort Dina, dotter hans, urein. Sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde om dette til dei kom heim.
6Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.
7Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei sørgde og var rasande, for det var ei skammeleg gjerning Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!
8Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har forelska seg i syster dykkar. Lat han få henne til kone!
9Knyt slektsband med oss! Gjev oss døtrene dykkar, og ta de døtrene våre til koner!
10Slå dykk ned hos oss! Landet skal liggja ope for dykk. Her kan de bu, driva handel og få dykk eigedom.»
11Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Berre de ser på meg med velvilje, så skal eg gje dykk det de bed om!
12Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, til byporten og sa til mennene i byen:
21«Desse mennene er venlegsinna mot oss. Lat dei bu i landet og driva handel her! Landet er då vidt nok for dei. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.
22Men berre på eitt vilkår vil mennene gå med på å bu saman med oss så vi blir eitt folk: Alle menn hos oss må la seg omskjera, som dei sjølve er omskorne.
23Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, blir jo vårt, berre vi gjer som dei vil, så dei slår seg ned hos oss.»
24Alle som gjekk ut av byporten, lydde Hamor og Sikem, son hans. Alle lét dei seg omskjera.
25 49,5f Men den tredje dagen, då dei endå hadde smerter, tok dei to Jakobs-sønene Simon og Levi, brørne til Dina, kvart sitt sverd. Dei kom seg uhindra inn i byen og drap alle mannfolk.
26Dei drap Hamor og Sikem, son hans, med sverd. Så tok dei Dina ut or huset til Sikem og drog bort.
27Sønene til Jakob kom over dei drepne og plyndra byen fordi dei hadde gjort syster deira urein.
28Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen, og det som var ute på marka.
29Alt av verdi og alle kvinnene og borna deira førte dei bort som bytte; alt som var i husa, rana dei.
30Då sa Jakob til Simon og Levi: «De har ført ulukke over meg. De har gjort meg hata av folket i landet, kanaanearane og perisittane. Eg har berre nokre få menn. Samlar dei seg imot meg, kjem dei til å slå meg, og eg og mitt hus kjem til å bli utrydda.»
31Men dei svara: «Skulle han få fara åt med syster vår som med ei hore?»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.