1 Herrens ord kom til meg:
2Menneske, sei fram ei gåte for Israels hus, fortel dei ei likning.
3Du skal seia:
Så seier Herren Gud:
Den store ørna med store venger
og lange vengefjører,
med tett og fargerik fjørham,
kom til Libanon.
Ho tok toppen av sederen,
4 braut av den øvste greina,
førte henne til kremmarlandet
og sette henne i handelsbyen.
5 Så tok ho ei plante som voks i landet,
og sette henne i god jord
på ein stad med mykje vatn,
planta henne som eit piletre.
6Ho voks og vart til ein vinstokk,
frodig, men låg av vekst,
så rankene bøygde seg mot ørna
og røtene voks inn under henne.
Ho vart til ein vinstokk som fekk greiner
og strekte ut sine kvister.
7 Men det var ei anna stor ørn
med store venger, med mektig fjørham.
Og sjå, vinstokken tøygde sine røter
bort imot henne,
bøygde greinene mot henne,
så ho skulle gje han meir vatn
enn jordstykket han var planta i.
8I god jord, ved mykje vatn,
var vinstokken planta,
så han kunne få greiner og bera frukt
og bli ein framifrå vinstokk.
9Sei: Så seier Herren Gud:
Kjem han til å trivast?
Kjem ikkje røtene til å bli rivne opp,
vinstokken til å bli ribba for frukt
og kvart friskt skot til å tørka?
Når han tørkar,
trengst det ingen sterk arm
eller mykje folk
til å riva han opp med rot.
10Sjå, no er vinstokken planta.
Men vil han trivast?
Vil han ikkje berre tørka
når austavinden når han,
tørka ut i den jorda der han voks?
11 Herrens ord kom til meg:
12Han tok ein mann av kongeleg ætt og gjorde ei pakt med han, med dei forbanningar som høyrer til. Han tok stormennene i landet med seg.
14Slik skulle riket haldast nede for at det ikkje skulle reisa seg meir, men halda pakta med han og bli ståande.
15Så seier Herren Gud:
Eg tek sjølv ein kvist
av toppen på ein høg seder,
frå dei øvste greinene
riv eg eit fint skot
og plantar det på eit fjell som ragar høgt.
23 Dan 4,12; Matt 13,32 På Israels høge fjell plantar eg det.
Det skal få greiner og bera frukt
og bli ein staut seder.
Alle slags fuglar skal bu i det,
alt som har venger, skal halda til
i skuggen av greinene på det.
24 1 Sam 2,8; Esek 21,31; Luk 1,52 Då skal alle tre på marka
kjenna at eg, Herren,
gjer det høge treet lågt,
og det låge gjer eg høgt.
Det friske treet lèt eg tørka,
og det tørre lèt eg spira.
Eg, Herren, eg har tala og vil setja det i verk.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.