Matteus 23 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus åtvarar mot dei skriftlærde og farisearane(Mark 12,38–40; Luk 11,43.46; 20,45–47)

1Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:

2«På stolen til Moses sit dei skriftlærde og farisearane.

3Alle sine gjerningar gjer dei så folk skal sjå det. Dei gjer bønereimane breie og minneduskane store.

6Dei likar å ha heidersplassane i gjestebod og sitja fremst i synagogane,

7og at folk helsar dei på torget og kallar dei rabbi.

8Men de skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er éin som er meisteren dykkar, og de er alle sysken.

9Og kalla ikkje nokon her på jorda far; for de har berre éin Far, han som er i himmelen.

10Lat heller ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har éin lærar: Kristus.

11°Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Difor skal de få så mykje hardare dom.

15 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De dreg land og strand rundt for å vinna ein einaste proselytt, og når det har lukkast, gjer de han til ein som fortener helvete dobbelt så mykje som de sjølve.

16 Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

24Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.

28Slik skal straffa koma over dykk for alt skuldlaust blod som har runne på jorda, frå den rettferdige Abels blod til blodet frå Sakarja, son til Barakia, han som de slo i hel mellom tempelet og altaret.

36Sanneleg, eg seier dykk: Over denne slekta skal det koma alt saman.

Klage over Jerusalem(Luk 13,34–35)

37 Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate!

39Sal 118,26; Matt 21,9For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:

‘Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help