1 Syn som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem i dei dagane då Ussia, Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda.
Klage over Israel2 Høyr Herrens ord,
de Sodoma-hovdingar!
Lytt til vår Guds lov,
du Gomorra-folk!
11 Eg hatar nymånedagane og høgtidene dykkar.
Dei er ei bør eg er trøytt av å bera.
15 Difor seier Herren,
allhærs Herre,
Israels Mektige:
Ve, eg vil ta igjen med motstandarane mine
og hemna meg på fiendane!
25 Eg vil lyfta handa mot deg,
reinsa ut slagget ditt med lut
og skilja ut alt bly.
26 De får skam av eikene
som de var så glade i,
og vanære av hagane
som de lika så godt.
30De skal bli som ei eik med visne blad,
som ein hage utan vatn.
31 Jer 4,4; 17,27; Esek 21,3f; Am 5,6 Den sterke skal bli til halm
og verket hans til ein gneiste,
saman skal dei brenna
utan at nokon sløkkjer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.