Esekiel 31 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Den falne sederen

1Det var i det ellevte året, på den første dagen i den tredje månaden. Herrens ord kom til meg:

2Menneske, sei til farao, kongen i Egypt, og til den ståkande flokken hans:

Kven liknar du i din stordom?

3Sjå på Assur,

ein seder på Libanon med vakre greiner,

ein skuggefull skog, høg av vokster.

Krona rakk opp mellom skyene.

4Vatnet gjorde sederen stor,

han fekk sin vokster frå djupet,

derifrå gjekk straumane

rundt staden der han var planta,

derifrå rann bekkene

til alle tre på marka.

5Difor vart han høgare

enn alle trea på marka.

Han fekk mange greiner,

kvistene vart lange

av vatnet som strøymde så rikt.

6 Ingen seder i Guds hage

kunne måla seg med han,

ingen sypress hadde slike greiner,

ingen platan så rikt lauvverk.

Ikkje noko tre i Guds hage

var så fagert som han.

9Så fager hadde eg gjort han,

med ein rikdom av greiner,

at alle Eden-tre i Guds hage

var misunnelege på han.

10 Eg fekk folkeslag til å skjelva

av braket då han fall,

då eg førte han ned til dødsriket,

til dei som har gått i grav.

Dei fann trøyst i landet der nede,

alle Eden-trea,

dei utvalde, dei beste på Libanon,

alle som syg til seg vatn.

17Dei òg var farne ned til dødsriket saman med han,

ned til dei som var falne for sverd.

Og dei som hadde budd i skuggen hans,

vart sådde ut mellom folkeslaga.

18Kven liknar du då mellom Eden-trea

i ære og stordom?

Du skal støytast ned

saman med Eden-trea

til landet der nede.

Der skal du liggja mellom uomskorne,

mellom dei som er drepne med sverd,

det er farao og heile den støyande flokken hans,

seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help