2. Mosebok 32 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Gullkalven

1 Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.»

2Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!»

3Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei.

4Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!»

5Då Aron såg det, bygde han eit altar framfor kalven og ropa ut: «I morgon er det fest for Herren

6Moses svara:

«Dette er ikkje lyden av sigerssong

og ikkje lyden av klagesong;

det er lyden av ein annan slags song eg høyrer.»

19Då Moses nærma seg leiren og fekk sjå gullkalven og dansen, flamma sinnet slik opp i han at han kasta tavlene frå seg og knuste dei mot fjellet.

20Så tok han kalven som dei hadde laga, kasta han på elden og mol han til støv. Støvet strødde han på vatnet, og han lét israelittane drikka det.

21Så sa han til Aron: «Kva har dette folket gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over det?»

22«Ver ikkje sint, herre!» svara Aron. «Du veit sjølv kor vondt dette folket er.

23Dei sa til meg: Lag ein gud som kan gå framfor oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.

24Då sa eg til dei: Den som har noko av gull på seg, skal ta det av! Så gav dei meg gullet, og eg kasta det på elden. Slik vart denne kalven til.»

25Moses såg kor ustyrleg folket var fordi Aron ikkje klarte å styra dei. Dei hadde vorte til spott for motstandarane sine.

26Då stilte Moses seg i porten til leiren og ropa: «Kom over til meg, alle som er på Herrens side!» Då samla alle levittane seg om han.

275 Mos 33,9Og han sa til dei: «Så seier Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk, kvar og ein! Gå att og fram i leiren, frå port til port, og slå i hel brør, vener og slektningar!»

28Levittane gjorde som Moses sa, og den dagen fall det omkring tre tusen mann av folket.

29Då sa Moses: «I dag har de vorte vigde til Herren, for de har vendt dykk mot dykkar eigne søner og brør. Difor vil han gje dykk si velsigning i dag.»

30Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.»

31Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull.

32Sal 69,29; Rom 9,3Tilgjev no syndene deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut av boka du skriv i!»

33Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut av boka mi.

34Gå no og før folket dit eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå føre deg. Men på rekneskapsdagen skal eg gjera opp rekneskap med dei for syndene deira.»

35Slik straffa Herren folket fordi dei hadde fått laga gullkalven, den som Aron hadde laga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help