1. Kongebok 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Til Jehu, son til Hanani, kom Herrens ord om Basja, og det lydde slik:

2Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. På det fjellet bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde eigd fjellet.

25Omri gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han.

26Han følgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam, Nebats son, og gjorde dei same syndene som han hadde fått israelittane til å gjera. Med sine gagnlause gudar gjorde han Herren, Israels Gud, rasande.

27Det som elles er å fortelja om Omri og det han utretta, om storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

28Så gjekk Omri til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og son hans, Ahab, vart konge etter han.

Kong Ahab i Israel

29I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Ahab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte over Israel i Samaria i tjueto år.

30Ahab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han bar seg verre åt enn nokon før han.

31Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam, son til Nebat. Han gifte seg òg med Jesabel, dotter til Etbaal, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Baal og tilbe han.

32I det Baal-tempelet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Baal.

33Ahab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han heldt fram med å gjera Herren, Israels Gud, rasande. Han bar seg verre åt enn nokon av dei som hadde vore kongar i Israel før han.

34 Jos 6,26 I Ahabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva, son til Nun.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help