Galatarane 3 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Lov eller tru – forbanning eller velsigning

1 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med kjøtet?

4Har de opplevd alt dette til inga nytte – om det då verkeleg er til inga nytte?

5Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved at de høyrer og trur?

6Skrifta såg før det hende at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og på førehand forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast.

9Mine sysken, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit gyldig testamente kan ingen oppheva eller gje noko tillegg, endå det berre er oppretta av eit menneske.

16Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til side av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden dermed skulle bli ugyldig.

18Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg på grunn av brota våre, heilt til den ætta kom som lovnaden gjaldt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann.

20Men nokon mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

21Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru.

25Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

26Joh 1,12De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus.

27Rom 6,3f; 13,14For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus.

28Joh 17,21; Rom 10,12; 1 Kor 12,13; Kol 3,11Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.

29Rom 4,16Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden.

Blog
About Us
Message
Site Map