Amos 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Ingen skal sleppa Guds straff

1 Om dei gøymer seg på Karmels topp,

skal eg finna dei og henta dei ned.

Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn,

byd eg ormen bita dei.

4 For meg, israelittar, er de som kusjittane,

seier Herren.

Eg førte Israel opp frå Egypt,

men også filistrane frå Kaftor

og aramearane frå Kir.

8 Sal 34,17; 1 Pet 3,12 Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:

No vil eg sletta det ut frå jorda.

Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,

seier Herren.

9For sjå, eg gjev påbod,

og eg rister Israels hus mellom alle folkeslaga

som når ein rister i ei sikt

og ikkje eit sandkorn fell til jorda.

10 6,3 For sverdet skal dei døy,

alle syndarane i folket mitt,

dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,

det råkar ikkje oss.»

Israel blir gjenreist

11 Jer 24,6; 31,28; Hos 14,5ff; Joel 3,21ff; Mi 7,11ff; Sef 3,14ff; Apg 15,16 Den dagen reiser eg opp att

Davids falne hytte.

Rivnene murar eg att,

og det som ligg i røys, reiser eg opp att.

Eg byggjer henne som i gamle dagar,

12 4 Mos 24,18 så dei kan ta resten av Edom i eige

og alle dei andre folkeslaga

som namnet mitt er nemnt over,

seier Herren, som gjer dette.

13 3 Mos 26,3ff; Joel 3,23+ Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då den som pløyer, tek att den som haustar,

og den som trakkar druer, tek att den som sår.

Druesaft skal drypa frå fjella

og fløyma frå alle høgder.

14 Jes 58,11f; 61,4; 65,21; Jer 29,14; Am 5,11 Då vil eg venda lagnaden for Israel, folket mitt.

Dei skal byggja opp att nedrivne byar og bu i dei.

Dei skal planta vinmarker og drikka vinen.

Dei skal stella til hagar og eta frukta.

15Eg plantar dei i deira eiga jord,

aldri meir skal dei rykkjast opp

av den jorda eg har gjeve dei,

seier Herren din Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help