1 Berg dykk, benjaminittar,
bort frå Jerusalem!
Blås i horn i Tekoa,
tenn varden på Bet-Hakkerem!
For ei ulukke trugar frå nord,
eit stort samanbrot.
2 Den vakre og bortskjemde dotter Sion
gjer eg ende på.
3 Eg sette vaktmenn over dykk.
Lytt når hornet gjallar!
Men dei svara: «Vi vil ikkje lytta.»
18Difor, høyr, de folkeslag,
og forstå, de som er samla,
kva som skjer med dei.
19 Så seier Herren:
Sjå, det kjem eit folk frå landet i nord,
eit stort folkeslag bryt opp
frå ytste enden av jorda.
23Dei har boge og sabel i handa,
dei er grufulle og viser ingen nåde.
Larmen drønnar som havet,
på hestar kjem dei ridande,
rusta til krig mot deg, dotter Sion.
24 4,31 Då vi høyrde ryktet,
vart hendene våre slappe,
trengsle greip oss,
rier som hos ei fødande kvinne.
25 20,3.10; 46,5; 49,29 Gå ikkje ut på marka,
ferdast ikkje på vegen,
for fienden har sverd,
redsle rår på alle kantar.
26 4,8; Am 8,10 Mitt folk, mi dotter,
bind sekkestrie om deg
og velt deg i oske!
Hald sørgjehøgtid over einaste sonen din,
ei bitter klage.
For brått kjem øydeleggjaren over oss.
Profeten skal prøva folket27 Jes 48,10; Jer 1,18; Sak 13,9; Mal 3,2ff Eg har sett deg til å prøva folket mitt
slik ein prøver gull,
du skal kjenna og prøva deira vegar.
28 5,23 Alle er trassige opprørarar,
dei fer med sladder,
dei er bronse og jern,
øydeleggjarar er dei alle.
29Blåsebelgen er svidd av elden,
blyet er fjerna.
Men det nyttar ikkje å smelta,
dei vonde blir ikkje utskilde.
30 7,15.29 Forkasta sølv skal dei kallast,
for Herren har forkasta dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.