Josva 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Fribyane

1 Herren sa til Josva:

2Den som rømmer til ein av desse byane, skal stilla seg ved inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Dei skal sleppa han inn i byen og gje han ein bustad hos dei.

5Dersom blodhemnaren forfølgjer drapsmannen, skal dei ikkje utlevera han, for utan å vilja det har han slege nesten sin i hel; han bar ikkje hat til han frå før.

64 Mos 35,12.24f.28Han skal få bu der i byen til han blir stilt for domstolen i forsamlinga. Når han som er øvsteprest på den tida, døyr, kan drapsmannen dra heim att til sin eigen by og sitt eige hus, til byen han rømde frå.

7Dei skilde då ut desse byane og helga dei: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraim-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella.

85 Mos 4,41–43På den andre sida av Jordan, aust for Jeriko, valde dei frå Ruben-stammen Beser i ørkenen på høgsletta; frå Gad-stammen Ramot i Gilead og frå Manasse-stammen Golan i Basan.

9Dette er dei byane som vart utpeika for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til iblant dei. Kvar den som av vanvare hadde slege nokon i hel, kunne rømma dit. Han skulle ikkje døy for blodhemnaren si hand utan å vera stilt for domstolen i forsamlinga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help