1 Fjerne kystar vonar på meg.
Tarsis-skipa er dei første
til å føra borna dine frå det fjerne,
og sølvet og gullet med dei,
for namnet til Herren din Gud,
for Israels Heilage, som gjev deg herlegdom.
10 Du skal få suga mjølk frå folkeslaga,
av kongars bryst skal du suga.
Du skal kjenna at eg er Herren, din frelsar,
Jakobs Mektige som løyser deg ut.
17 1,26 Eg kjem med gull i staden for bronse,
eg kjem med sølv i staden for jern,
bronse i staden for tre
og jern i staden for stein.
Eg lèt fred ha tilsyn med deg
og rettferd styra hos deg.
18 26,1 Ingen skal høyra meir om vald i ditt land,
om herjing og øydelegging
innanfor dine grenser.
Du skal kalla murane dine Frelse
og portane dine Lovsong.
19 Op 21,23; 22,5 Sola skal ikkje meir vera ditt lys om dagen,
måneskinet skal ikkje lysa for deg,
men Herren skal vera ditt lys for evig,
din Gud skal vera din herlegdom.
20 Op 21,4 Sola di skal ikkje meir gå ned,
månen din skal aldri minka.
For Herren skal vera ditt lys for evig.
Sørgjedagane dine er til ende.
21 57,13; 61,3; Matt 5,5; 2 Pet 3,13 I ditt folk skal alle vera rettferdige,
dei skal eiga landet til evig tid.
Dei er eit skot i min hage,
som hendene mine har laga til mi ære.
22Den minste skal bli til tusen,
den ringaste til eit mektig folkeslag.
Eg er Herren,
når tida er inne,
lèt eg det skje i hast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.