1 Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk.
3medan det er ei ære for kvinna? For det lange håret er gjeve henne til slør.
16Men vil nokon skapa strid om dette, så skal de vita at den skikken har ikkje vi, og heller ikkje Guds forsamlingar.
Herrens måltid17Når eg no gjev dykk mine påbod, kan eg ikkje rosa dykk for samkomene dykkar. Dei er meir til skade enn til nytte.
18For når de held måltid, tek kvar og ein fram sin eigen mat, og den eine er svolten, den andre drikk seg full.
22For eg har teke imot frå Herren det eg òg har overgjeve til dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød,
24takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!»
25Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod. Kvar gong de drikk av det, gjer det til minne om meg!»
26Matt 26,29For kvar gong de et dette brødet og drikk av begeret, forkynner de Herrens død, heilt til han kjem.
27Hebr 10,29Den som et brødet og drikk Herrens beger på urett vis, syndar mot Herrens kropp og blod.
282 Kor 13,5Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret.
29For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms.
30Difor er det mange veike og sjuke hos dykk, og nokre sovnar inn.
31Om vi dømde oss sjølve, vart vi ikkje dømde.
32Hebr 12,5ffMen når vi blir dømde av Herren, blir vi refsa, så vi ikkje skal bli fordømde saman med verda.
33Difor, mine sysken: Når de kjem saman til måltid, må de venta på kvarandre!
34Er nokon svolten, får han eta heime, så ikkje samkomene dykkar skal føra dom over dykk. Om dei andre sakene skal eg gje forskrifter når eg kjem.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.