Salmane 113 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 134,1; 135,1 Halleluja!

Syng lovsong, Herrens tenarar,

pris Herrens namn!

2 115,18; Dan 2,20 Velsigna vere Herrens namn

frå no og til evig tid!

3 Mal 1,11 Der sol går opp og sol går ned,

skal Herrens namn vera lova.

4 148,13 Herren er opphøgd over alle folkeslag,

hans herlegdom er høgare enn himmelen.

5 2 Mos 15,11; Sal 138,6 Kven er som Herren vår Gud,

han som tronar i det høge

6og ser i det djupe

– kven i himmelen, kven på jorda?

7 1 Sam 2,8; Sal 147,6; Luk 1,52 Han reiser den veike opp av støvet

og lyfter den fattige frå dungen.

8 34,16+ Han gjev dei plass blant stormenn,

dei store i sitt folk.

9 1 Mos 21,2; 1 Sam 1,20; 2,5; Jes 54,1; Luk 1,57 Den barnlause lèt han bu i huset

som lukkeleg mor til ein barneflokk.

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help