1 Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.
7Alt i naturen, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar, kan temjast og har vorte tamde av mennesket, som sjølv er ein del av naturen.
8Sal 140,4; Rom 3,13Men tunga kan ikkje noko menneske temja, rastlaus og vond som ho er, full av drepande gift.
91 Mos 1,27Med henne lovprisar vi Herren vår Far, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete.
10Ef 4,29Frå same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Slik må det ikkje vera, mine sysken!
11Kan det vel strøyma både friskt og bittert vatn frå same kjelda?
12Matt 7,16Sysken, kan eit fikentre bera oliven eller ein vinstokk bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.
Sann og falsk visdom13Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom.
141 Kor 2,6f; 3,3Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.
151 Kor 15,44ffDen slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.
16For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.
171,5.17Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri.
18Jes 32,17; Matt 5,9Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.